London 2015

London 2015

fredag 13. mars 2015

Fredag og starten på helga

Eirin

Tidlegare i veka var det snakk om at det var MRSA (Meticillinresistente Staphylococcus aureus) på arbeidsplassen min. Og i går vart det bekrefta at det faktisk var det, og og Iselin (frå  florø) måtte bytte arbeidsplass. Det representanten fra ADC College sa var at vi ikkje kunne vere der fordi at det ikkje var trygt, og at vi var satt i ein situasjon der vi kunne bli smitta. Derfor var det lurast å bytte, noko som var litt trist. Vi trivtes godt der, men det er viktig å tenkje på sikkerheten vår. Så i dag hadde eg fri, medan ADC prøver å finne nye arbeidsplassar til meg. Eg veit enda ikkje kor eg skal vere, men skulle få vite det over helga.

Dagen min har da bestått av shopping.


Det går mykje i McDonald's og vi har allereie vore der 3 - 4 gongar.

Når Karoline (frå Førde) var ferdig på jobb, reiste eg og ho til Oxford og handla der. Det var mykje å sjå på, og vi visste ikkje heilt kor vi skulle byrje. Vi fikk nå handla ein del og svidd av litt peng i dag og. Seinare på kvelden kom Hanna til Oxford og vart med på shoppingturen.



Hanna 

I dag har eg vore på jobb, der eg var mykje på kjøkkenet. Vi gjor ganske mykje av det same som det Hilde skreiv i går, i dag, bortsett frå at Hilde fikk vere med tre pasientar ut på cafè. Svært mange av pasientane vart henta av familie og vener, og var ute store delar av dagen. 

I morgon har me planar for stort sett heile dagen. Me må stå opp like tidleg som i vekedagane (06.00), fordi me må ut av dørene klokka 07.00. Noko av det som står på planen er sightseeing tur med buss, shopping og Mamma Mia Musical. Dette gler me oss til :-D 

-Eirin og Hanna-




2 kommentarer:

  1. Trasig med mrsa og bytte av arbeidsplass. Men desse bakteriene ynskjer vi ikkke at dere har med heim. Satser på du eirin får ein ny kjekk praksis stad. Kose dere på musical og rundtur. Klem

    SvarSlett
  2. Trasig med mrsa og bytte av arbeidsplass. Men desse bakteriene ynskjer vi ikkke at dere har med heim. Satser på du eirin får ein ny kjekk praksis stad. Kose dere på musical og rundtur. Klem

    SvarSlett