London 2015

London 2015

lørdag 18. april 2015

Karoline - Onsdag 25 mars og Fredag 27 mars

Onsdag 25 mars

Da er vi gått inn i den siste veka i London og eg begynner å føle meg ganske klar til å reise heim igjen sjølv om det har vore veldig kjekt både å arbeide her og sjå London. I arbeidet mitt føler eg at eg har vært mest innom målet om å kommunisere med brukarar med ulik kommuniksjonsevne så eg skriv litt meir om det. Det å kommunisere med så mange ulike kommunikasjonsevner på ein plass gjennom denne perioden synest eg har vært krevande, men og veldig spennande, eg føler eg har lært mykje om dei ulike personane og korleis dei kommuniserer, så eg synest det er lettare å kommunisere med alle rundt meg no enn det var i begynnelsen. Det trur eg er både fordi eg har snakka språket mykje no, eg begynner å forstå meir dialekter og kjenner personane meir. Eg veit og meir om korleis dei kommuniserer (kva dei meiner ved ulike kroppsspråk og kva dei seier sjølv om dei bare lager lydar). Eg føler meg mykje meir konfortabel ved å sette meg ned og snakke med dei no når eg er sikker på at eg forstår det meste. Det har vært veldig lærerikt og kommunisere med både et frammandspråk og ulike måter å kommunisere på. Eg har fått mange kommentarer om at eg kjem til å bli savna, det er veldig koselig. Eg har og fått en kjempe "attest" som eg er veldig fornøgd med. Eg trur det blir trist å reise fra denne plassen. Denne veka har eg og fått reise ut på et "nursing home" og vært med på aktiviteter der sidan dette også er noke som community focus driver med. Istedenfor å bare være i bygningen reiser dei og rundt og prøver å aktivisere andre eldre som ikkje har mulighet for å komme til community focus bygningen.

Bilde av aktivitet på "nursing home"

Bilde av en dansetime



Ser fram til den siste dagen i praksis :)


Fredag 27 mars

Då var eg reist heim igjen som 18 åring idag! Det har vært en veldig kjekk tur og eg har fått lært veldig mykje om både, språk, reise, arbeid og om London. Maten her nede var ikkje så god, så det var godt å komme heim igjen til norsk mat! Mary (vertsfamilien) har vært grei under heile oppholdet og eg er veldig fornøgd med turen :) Eg synest vi er kjempeheldige som har fått lov til å være med på denne turen og fått denne flotte opplveinga, både i London og på arbeid. Vi har og vært på duck tours, London eye og Mamma Mia musikal. Det var ein fantastisk flott musikal som gjekk over mine forventninga! Den siste dagen i praksis vart kort, men veldig kjekk og, sjølv om det var trist å takke for meg. Om eg skulle arbeida i London er dette ein liknade plass eg kunne tenke meg å jobbe :) Fantastisk å vite at eg har fullført en praksis uten fravær med så gode tilbakemeldingar. Håpar mange andre kan få muligheten til samme turen :)

Bilde av "attesten" min


Til slutt nokon bilder fra london eye, nokon bilde av "duck tours" og et bilde fra mamma mia musikalen! :)









Karoline - Onsdag 18 mars og Fredag 20 mars

Onsdag 18 mars

No er eg gått inn i den andre veka i London og har kost meg mykje i helga. Vi var på Oxford street og kosa oss med shopping og "resturant" både fredag, lørdag og søndag. Desse tre dagane på jobb har vært kjekke og lærerike. Desse dagane har eg blant anna fokusert på mål 2; Kommunisere med brukere og pasienter med ulik kommunikasjonsevne. På denne arbeidsplassen er det mange med ulike kommunikasjonsevner, nokon kan lage lydar, nokon nikkar, nokon kan ikkje snakke, og andre har ganske godt språk, det er personer i ulike aldere og med ulike kommunikasjonevner. Nokon er vanskligare å forstå enn andre. I og med at eg ikkje kan språket flytande føler eg det er veldig vanskelig å forstå somme personar dersom dei ikkje kan snakke tydelig. Men så langt har det gått ganske greit. Eg får hjelp dersom eg ikkje skjønner kva personane meiner. Det er og nokon som bruker teiknespråk som eg synest var intressant men og veldig vanskelig å forstå.
Eg må jo også kommunisere med andre rundt meg, feks dei eg arbeider med og vertsfamilien, noko som eg synest har gått veldig bra. Eg føler eg forstår engleske ganske bra og at eg sjølv blir forstått. Eg har sjølv fått mykje skryt for at eg kan snakke bra engelsk.


                                                                      Bilde av parken

Bilde av ein aktivitet



Ser fram til fleire fine dager i praksis :)

Fredag 20 mars

No er det gått enda ei ny veke og eg har blitt litt bedre kjent med både elevane og kollegane på arbeidsplassen. Denne veka har eg også fokusert på mål 3; Utføre arbeidet på en måte som ivaretar den enkelte brukers selvstendighet, følelse av likeverd og tilhørlighet.
Dette målet er veldig viktig mener lærerene, spesielt dette med selvstendighet og gjøre arbeidet selv. Det er veldig viktig at vi ikkje gjer arbeidet til elevane, men heller oppfordra dei til å gjere arbeidet sjølv, eller komme med ulike forslag om korleis det kan gjerast. Nokon treng selvfølgelig meir hjelp andre. Så nokre gonger må vi hjelpe til med feks skisser for at eleven kan tegne over og lage detaljer, men det kan også være i trommetimen, da vi hjelper de med å finne rytmen til de selv kan gjøre det. Også i dramatimen er det noken som som snakker meir enn andre ganger, og nokon ganger må vi hjelpe til med å starte en innledandes samtale slik at det blir lettare for dei og være en rolle.
Det som er målet er at etter kvar time skal dei kunne være meir sjølvstendige og komme med gode idear til arbeidet sitt. Det er også viktig at alle elevane blir hørde og føler seg som ein like stor del av klassen som alle andre. I og med at nokon treng meir hjelp enn andre er det nokre gonger å gi alle like mykje oppmerksomhet, men eg synast det har gått veldig fint, da både vi og elevane kan snakke med kvarandre. I klassane er det gjennomsnittlig 10 elevar så det er lettare å få snakka med alle enn om det hadde vært meir. Eg føler alle føler seg veldig tatt imot i klassen og at alle synast det er veldig kjekt og komme ut og gjere noko kjekt, sidan mange av dei er veldig mykje heime. Mange av dei som kjem har med seg ein støtteperson som hjelper dei ein del med arbeidet og det sosiale.

Logoen til Community Focus

Bilde av ein aktivitet




Ser fram til fleire fine dager i praksis :)

Karoline - Onsdag 11 mars og Fredag 13 mars

Onsdag 11 mars

No har vi komt ned til London etter en behagelig reise, møtt vertsfamiliane, reist litt og hatt 2 dagar på jobb . Mykje nytt og spennande på ein gang. London er kjempestor og det var veldig uvant å komme fra en plass der det er rundt 12 000 inbyggarar til ein plass med rundt 8 000 000. Det er bygninar så langt ein kan sjå og trefikken går heile dagane. Det er mykje ulike transportmiddel her i forhold til heime som vi har fått prøvd, og som har vore ei nyttig læring.


                                                                     Bilde fra flyet

Da vi skulle prøvereise på mandag til arbeidsplassen vår fikk vi utdelt et kart med litt beskrivingar og bilde av kor vi skulle av og på og hvile transportmiddel vi skulle bruke. Vi fikk og utdelt eit kort som kan brukast på alle av desse transportmiddela.
Min reise fra collegen som arrangerte det var 60 til 70 min (da var det ikkje beregna reise fra heimen som var ca 30 min til), men tok litt lenger tid sidan eg ikkje var kjent og brukte litt tid på å finne fram. I mitt tilfelle blei reisa mi slik at eg måtte gå et stykke og ta buss for å komme ned til collegen, og fra der måtte eg ta tog, undergrunn, gå et stykke, ta buss igjen for å å gå til arbeidsplassen, så det tok ca 2 timar. Eg var uheldig med at reisevegen var så lang samtidig som det var nyttig og lærerikt og komme seg fram på egenhånd og prøve mange ulike transportmiddel.



                                                              Bilde av undergrunnen



                                                          Bilde av innvendig undergrunn


                                              Bilde som viser kor ein skal, går ca kvart 2 min

Min vert heiter Mary og virker som ei hyggelig dame, ho har 2 voksne døtre i tillegg. Eg deler rom med to fra Florø, som heiter Mari og Thea. Dei virker og greie, men eg skulle sjølvsagt ønske at eg kunne bu med nokon eg kjenner fra før sidan alt anna er nytt. Vi kjem godt overends og deler samme rom (rommet var ganske lite) og et bad. Huset var generellt i veldig dårlig stand i forhold til i Norge og strømmen var begrensa. Det skulle eigentlig være wifi her i tillegg, men har så langt fungert utrulig dårlig, noko som er litt kjedelig.


                                                              Bilde av huset eg budde i 
     


                                                                 Velkomstgaven vi fikk


Arbeidsplassen min som eg no har vært på i 2 dagar, har eg fått et veldig godt førsteinntrykk av og det virker som  ein kjekk plass og arbeide med hyggelige folk som tok meg godt imot. Eg arbeider på ein plass som heiter Community Focus sammen med ei fra Dale som heiter Lena. Men arbeidsplassen min var veldig mykje utanfor mine forventningar da eg trodde eg skulle på en pleieheim/sjukeheim eller liknande. Denne arbeidsplassen viste seg istadenfor å være ei slags "skule eller eit dagsenter" der personer med lærevansker, og psykiske eller fysiske problemer betaler for å komme ned dit til dei aktivitetane som dei sjølv har valgt. Det var alt fra tegning, maling og fotografering til smykkelaging, dans, tromming, drama og mykje meir. "Elevane" som kom dit var i aldera fra 20 - 70 år gamle. Arbeidstidene mine var også greie da eg jobba fra 10.00 - 16.00 nesten kvar dag.
Det var profesjonelle lærarar innanfor kvart fag og assistentar. Vi blei på ein måte som assistentar da vi var med og gjorde det samme som dei. Arbeidsoppgavene våre gjekk ut på:
- Snakke med "elevane"
- Motivere "elevane"
- Vise "elevane" metoder og muligheter, og gi dei ulike valg
- Få "elevane" på riktig retning (hjelpe til med å få fokuset på oppgåva)
- Gjere klart før timane og rydde opp etterpå
- Hjelpe til med kaffe/te pause
- Hjelpe til med anna forfallande arbeid

Arbeidsplassen min låg i en part som var kjempefint og utrulig stor. Det var mange leikeplasser og stort område med gras, turveiar, planter og tre.




Bilde av arbeidsplassen


                                                   Bilde av parken rundt arbeidsplassen





Fredag 13 mars

No har eg hatt nesten ei heil arbeidsveke og ser fram til helga då eg og resten frå skulen skal til de meir sentrale London for å shoppe og sjå oss litt rundt i London. Denne arbeidsveka har eg fått endå meir innblikk i kva dei gjer på arbeidsplassen. Og desse dagane har eg blant anna hatt mykje fokus på mål 1; følge gjeldande regelverk for hygiene på arbeidsplassen. Det var ingen spesifikke reglar for hygiene på arbeidsplassen. Der var det vanlig og ikkje tenke på å ha korte negler, og ikkje bruke ulike smykker og lignande, men eg trur det og har noko med at eg er på "ein" skule der det ikkje er sjuke og pleietrengande som ligg her. Så trur at det er derfor det er så lite reglar på slikt. Men i og med at eg er vand med gode hygienereglar fra Norge, tenkte eg automatisk på å ikkje gå med smykker og ha håret i stikk, korte negler og vaske hendene ofte. På arbeidsplassen min  var det heller ikkje noko desinfeksjonsmiddel. Etter timane blei det kosta lett over golvet og borda, men dei vart ikkje vaska, noko som eg sjølv ville gjort, sidan mange av "elevane" kan sleve litt og liknande på borda på grunn av sjukdom. Dei et også somme gonger på borda uten at det blir vaska først. I tepausen brukar dei eingangsplastglas som er hygienisk, men har ein behaldar rundt koppane for å unngå mykje varme. Dei blir heller ikkje vaska mellom bruk. Eg kan sjå mange hygieniske forskjellar fra arbeidsplassane her og i Norge.


Bilde av parken


                         Bilde av kafeen i samme bygg som Community Focus (arbeidsplassen)


Ser fram til fleire fine dagar i praksis :)