London 2015

London 2015

lørdag 18. april 2015

Karoline - Onsdag 11 mars og Fredag 13 mars

Onsdag 11 mars

No har vi komt ned til London etter en behagelig reise, møtt vertsfamiliane, reist litt og hatt 2 dagar på jobb . Mykje nytt og spennande på ein gang. London er kjempestor og det var veldig uvant å komme fra en plass der det er rundt 12 000 inbyggarar til ein plass med rundt 8 000 000. Det er bygninar så langt ein kan sjå og trefikken går heile dagane. Det er mykje ulike transportmiddel her i forhold til heime som vi har fått prøvd, og som har vore ei nyttig læring.


                                                                     Bilde fra flyet

Da vi skulle prøvereise på mandag til arbeidsplassen vår fikk vi utdelt et kart med litt beskrivingar og bilde av kor vi skulle av og på og hvile transportmiddel vi skulle bruke. Vi fikk og utdelt eit kort som kan brukast på alle av desse transportmiddela.
Min reise fra collegen som arrangerte det var 60 til 70 min (da var det ikkje beregna reise fra heimen som var ca 30 min til), men tok litt lenger tid sidan eg ikkje var kjent og brukte litt tid på å finne fram. I mitt tilfelle blei reisa mi slik at eg måtte gå et stykke og ta buss for å komme ned til collegen, og fra der måtte eg ta tog, undergrunn, gå et stykke, ta buss igjen for å å gå til arbeidsplassen, så det tok ca 2 timar. Eg var uheldig med at reisevegen var så lang samtidig som det var nyttig og lærerikt og komme seg fram på egenhånd og prøve mange ulike transportmiddel.



                                                              Bilde av undergrunnen



                                                          Bilde av innvendig undergrunn


                                              Bilde som viser kor ein skal, går ca kvart 2 min

Min vert heiter Mary og virker som ei hyggelig dame, ho har 2 voksne døtre i tillegg. Eg deler rom med to fra Florø, som heiter Mari og Thea. Dei virker og greie, men eg skulle sjølvsagt ønske at eg kunne bu med nokon eg kjenner fra før sidan alt anna er nytt. Vi kjem godt overends og deler samme rom (rommet var ganske lite) og et bad. Huset var generellt i veldig dårlig stand i forhold til i Norge og strømmen var begrensa. Det skulle eigentlig være wifi her i tillegg, men har så langt fungert utrulig dårlig, noko som er litt kjedelig.


                                                              Bilde av huset eg budde i 
     


                                                                 Velkomstgaven vi fikk


Arbeidsplassen min som eg no har vært på i 2 dagar, har eg fått et veldig godt førsteinntrykk av og det virker som  ein kjekk plass og arbeide med hyggelige folk som tok meg godt imot. Eg arbeider på ein plass som heiter Community Focus sammen med ei fra Dale som heiter Lena. Men arbeidsplassen min var veldig mykje utanfor mine forventningar da eg trodde eg skulle på en pleieheim/sjukeheim eller liknande. Denne arbeidsplassen viste seg istadenfor å være ei slags "skule eller eit dagsenter" der personer med lærevansker, og psykiske eller fysiske problemer betaler for å komme ned dit til dei aktivitetane som dei sjølv har valgt. Det var alt fra tegning, maling og fotografering til smykkelaging, dans, tromming, drama og mykje meir. "Elevane" som kom dit var i aldera fra 20 - 70 år gamle. Arbeidstidene mine var også greie da eg jobba fra 10.00 - 16.00 nesten kvar dag.
Det var profesjonelle lærarar innanfor kvart fag og assistentar. Vi blei på ein måte som assistentar da vi var med og gjorde det samme som dei. Arbeidsoppgavene våre gjekk ut på:
- Snakke med "elevane"
- Motivere "elevane"
- Vise "elevane" metoder og muligheter, og gi dei ulike valg
- Få "elevane" på riktig retning (hjelpe til med å få fokuset på oppgåva)
- Gjere klart før timane og rydde opp etterpå
- Hjelpe til med kaffe/te pause
- Hjelpe til med anna forfallande arbeid

Arbeidsplassen min låg i en part som var kjempefint og utrulig stor. Det var mange leikeplasser og stort område med gras, turveiar, planter og tre.




Bilde av arbeidsplassen


                                                   Bilde av parken rundt arbeidsplassen





Fredag 13 mars

No har eg hatt nesten ei heil arbeidsveke og ser fram til helga då eg og resten frå skulen skal til de meir sentrale London for å shoppe og sjå oss litt rundt i London. Denne arbeidsveka har eg fått endå meir innblikk i kva dei gjer på arbeidsplassen. Og desse dagane har eg blant anna hatt mykje fokus på mål 1; følge gjeldande regelverk for hygiene på arbeidsplassen. Det var ingen spesifikke reglar for hygiene på arbeidsplassen. Der var det vanlig og ikkje tenke på å ha korte negler, og ikkje bruke ulike smykker og lignande, men eg trur det og har noko med at eg er på "ein" skule der det ikkje er sjuke og pleietrengande som ligg her. Så trur at det er derfor det er så lite reglar på slikt. Men i og med at eg er vand med gode hygienereglar fra Norge, tenkte eg automatisk på å ikkje gå med smykker og ha håret i stikk, korte negler og vaske hendene ofte. På arbeidsplassen min  var det heller ikkje noko desinfeksjonsmiddel. Etter timane blei det kosta lett over golvet og borda, men dei vart ikkje vaska, noko som eg sjølv ville gjort, sidan mange av "elevane" kan sleve litt og liknande på borda på grunn av sjukdom. Dei et også somme gonger på borda uten at det blir vaska først. I tepausen brukar dei eingangsplastglas som er hygienisk, men har ein behaldar rundt koppane for å unngå mykje varme. Dei blir heller ikkje vaska mellom bruk. Eg kan sjå mange hygieniske forskjellar fra arbeidsplassane her og i Norge.


Bilde av parken


                         Bilde av kafeen i samme bygg som Community Focus (arbeidsplassen)


Ser fram til fleire fine dagar i praksis :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar