London 2015

London 2015

lørdag 18. april 2015

Karoline - Onsdag 18 mars og Fredag 20 mars

Onsdag 18 mars

No er eg gått inn i den andre veka i London og har kost meg mykje i helga. Vi var på Oxford street og kosa oss med shopping og "resturant" både fredag, lørdag og søndag. Desse tre dagane på jobb har vært kjekke og lærerike. Desse dagane har eg blant anna fokusert på mål 2; Kommunisere med brukere og pasienter med ulik kommunikasjonsevne. På denne arbeidsplassen er det mange med ulike kommunikasjonsevner, nokon kan lage lydar, nokon nikkar, nokon kan ikkje snakke, og andre har ganske godt språk, det er personer i ulike aldere og med ulike kommunikasjonevner. Nokon er vanskligare å forstå enn andre. I og med at eg ikkje kan språket flytande føler eg det er veldig vanskelig å forstå somme personar dersom dei ikkje kan snakke tydelig. Men så langt har det gått ganske greit. Eg får hjelp dersom eg ikkje skjønner kva personane meiner. Det er og nokon som bruker teiknespråk som eg synest var intressant men og veldig vanskelig å forstå.
Eg må jo også kommunisere med andre rundt meg, feks dei eg arbeider med og vertsfamilien, noko som eg synest har gått veldig bra. Eg føler eg forstår engleske ganske bra og at eg sjølv blir forstått. Eg har sjølv fått mykje skryt for at eg kan snakke bra engelsk.


                                                                      Bilde av parken

Bilde av ein aktivitet



Ser fram til fleire fine dager i praksis :)

Fredag 20 mars

No er det gått enda ei ny veke og eg har blitt litt bedre kjent med både elevane og kollegane på arbeidsplassen. Denne veka har eg også fokusert på mål 3; Utføre arbeidet på en måte som ivaretar den enkelte brukers selvstendighet, følelse av likeverd og tilhørlighet.
Dette målet er veldig viktig mener lærerene, spesielt dette med selvstendighet og gjøre arbeidet selv. Det er veldig viktig at vi ikkje gjer arbeidet til elevane, men heller oppfordra dei til å gjere arbeidet sjølv, eller komme med ulike forslag om korleis det kan gjerast. Nokon treng selvfølgelig meir hjelp andre. Så nokre gonger må vi hjelpe til med feks skisser for at eleven kan tegne over og lage detaljer, men det kan også være i trommetimen, da vi hjelper de med å finne rytmen til de selv kan gjøre det. Også i dramatimen er det noken som som snakker meir enn andre ganger, og nokon ganger må vi hjelpe til med å starte en innledandes samtale slik at det blir lettare for dei og være en rolle.
Det som er målet er at etter kvar time skal dei kunne være meir sjølvstendige og komme med gode idear til arbeidet sitt. Det er også viktig at alle elevane blir hørde og føler seg som ein like stor del av klassen som alle andre. I og med at nokon treng meir hjelp enn andre er det nokre gonger å gi alle like mykje oppmerksomhet, men eg synast det har gått veldig fint, da både vi og elevane kan snakke med kvarandre. I klassane er det gjennomsnittlig 10 elevar så det er lettare å få snakka med alle enn om det hadde vært meir. Eg føler alle føler seg veldig tatt imot i klassen og at alle synast det er veldig kjekt og komme ut og gjere noko kjekt, sidan mange av dei er veldig mykje heime. Mange av dei som kjem har med seg ein støtteperson som hjelper dei ein del med arbeidet og det sosiale.

Logoen til Community Focus

Bilde av ein aktivitet




Ser fram til fleire fine dager i praksis :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar