London 2015

London 2015

onsdag 25. mars 2015

Onsdag 25.03.2015

Ein vanleg dag på Oakleigh House Nursing Home for meg:

Det startar ganske rolig med at eg hjelper til med å mate dei pasientane som treng det. Frukosten som eg har sett til no, består som regel av grøt, cornflakes med melk, skiver med masse smør og banan i bitar. Dei får også ein kopp te og eit glas med saft/vatn til maten. 

Etter frukosten ryddar eg alt av koppar, tallerknar, bestikk o.l. inn på kjøknet. Vi vaskar borda til pasientane og passar alltid på at dei har eit glas mer frisk drikke på bordet. Nokre av pasientane som har svelgjeproblem får tilsatt "thickner", som er tjukningspulver, i drikka si. 

Då klokka er rundt 10.30 er det den andre runden med te. Då får pasientane servert te med melk og søte kjeks. Dei som har diabetes får andre kjeks, litt salte kjeks. Dei fleste pasientane sovnar desverre vekk frå teen sin, men vi prøver så godt vi kan å minne dei på at dei har fått ein kopp te. 

I mellom te og lunsj pleier eg og Iselin og ta oss ein runde opp. Der er det pasientar som ikkje vil ned, som sit på rommet sitt. Vi bankar på og spør om det går bra og om det er noko dei trenger. I mellom 12.00 - 12.30 er det som regel lunsj. Det er ein middag, men her blir det kalla lunsj. Pasientane får alltid to alternativ til lunsj. Då går ein av pleiarane rundt dagen før og spør om dei t.d. vil ha laks med poteter eller omelett til lunsj dagen etter. Dette er veldig bra! Det er også dessert etter lunsj. 

Etter lunsj er det ein ny runde med te og kjeks. Denne tida pleier å gå veldig sakte, men i det siste har vi spelt kort og domino med ein av pasientane. Dette er kjekt for både oss og han. 



Vi tok lunsj på cafe i dag med ho som snakke norsk. Hyggelig:)

Til slutt vil eg seie at dette har vore ein kjempefin tur. Til tross for lange arbeidsdagar og litt mykje kollektivtransport, har det vore veldig kjekt å vere med. Vekene har gått fort og eg har eigentleg ikkje hatt tid til å kjede meg. 




tirsdag 24. mars 2015

Vanleg dag på jobb

I dag begynte eg dagen med å snakke med ein av pasientane. Eg fikk blant anna sjå i eit fotoalbum ho hadde med seg i veska si, der ho fortalte kven alle på bileta var. Deretter gjekk eg inn på kjøkkenet å begynte med den faste oppgåva vår, oppvasken. Mens eg stod å tok oppvasken, fikk eg spørsmål om eg kunne mate ein av pasientane. Dette vart ei utfordring fordi pasienten var veldig trøtt, og det var nesten umogleg å få kontakt med ho.  Eg fikk gitt ho litt graut, før ho plutseleg sovna og begynte å snorke.

Eg og Hilde har for det meste stått på kjøkkenet, eller pusla puslespill med pasientane. Etter klokka 14.30 står me berre på kjøkkenet å gjer diverse oppgåver, som å lage til te, kaffi og kaker, tek oppvasken eller så laga me alt klart til kveldsmaten.


Eg ser veldig fram til å komme heim til Norge igjen, der eg slepp å ta så mykje oppvask kvar einaste dag. Opphaldet her i England har vore veldig lærerikt, men no saknar eg alt som har med Norge å gjere. Det har vore veldig spesielt å sjå forskjellane frå heime i Norge og her i England. Mange ting er kjempemykje betre heime i Norge (t.d. hygiene), medan det er nokre ting dei er betre på her i England (t.d. aktivitetar).  

Hilde jobbar hardt med å setje på plass koppar og kar.

-Hanna

(Eirin bloggar i morgon, pga lite å skrive om).

mandag 23. mars 2015

Logg frå måndag 23.03.2015

Hilde:

I dag byrja dagen med ein samtale med ein av pasientane. Det er ein pasient som alltid spør om eg har sove godt, hatt det kjekt, opplevd noko spanande osv. Så eg slo av ein prat med denne pasienten ei stund. Frisøren var på gamleheimen i dag, så stort sett alle damene fekk krølla håret sitt. Dei vart så fine. Nokre vart også klipte. Til frukost mata eg ein pasient. Dette gikk veldig fint. Eg mata denne pasienten stort sett kvar dag.
Medan pasientane drakk teen sin, sat eg og Hanna og klipte ut nokre former til å lage blomstrar av. Etter dei hadde fått teen sin gikk tida fort fram til lunsj/middag. Eg mata også pasientar til middag.
Ein av pasientane et særs lite, men når eg set meg ned og viser at eg har tid, då pleier pasienten og ete veldig godt. Eg trur det har masse å seie at ein faktisk viser at ein har tid, og at det går i pasienten sitt tempo.
Etter lunsj slappa pasientane av litt, før eg og Hanna tok med oss to av dei for å lage blomstrar. Blomstrane blei laga av piperensar og formene vi hadde klipt ut. Dette for å lage vårstemning på heimen.
Elles var dagen lik som alle dei andre dagane.


søndag 22. mars 2015

Fredag, lørdag og søndag

Beklager for sein blogging, men vi var vore så slitne. 

Fredag 

(Hanna)

På fredag var me begge på jobb. Eg fekk besøk av Ingunn som er læraren min. Før Ingunn kom, sto eg på kjøknet eller pusla med pasientane. Eg hadde også ein lang og meiningsfull samtale med ein av pasietane, noko som var krevande grunna engelsken. Då Ingunn var der, fekk vi for første gang ein omvisning av heile bygget. 

Etter at Ingunn reiste fikk pasientane middagen sin. Eg vart sett til å mate ein pasient. Denne pasienten pleier ikkje å ete så mykje mat, men ved at eg tok meg tid med pasienten og lot ho ete sjølv (eg hjalp ho med å få maten opp på gaffelen), fikk eg ho til å ete opp all maten sin. 

(Eirin)

Då eg og Iselin møtte opp på jobb på fredag, vart vi ganske forvirra. Den eine sjefen sa tidlegare i veka at vi ikkje skulle vere med i stellet, medan den andre meinte at vi skulle det. Dette var ganske ubehagleg for oss begge, og når vi prøvde å forklare dette, skulle vi visst ikkje diskutere med ho. Det vart heldigvis avklart seinare på dagen at vi hadde rett. 

Elles jobbar det ei dame på arbeidsplassen som har budd i Noreg i 13 år. Ho er opphavlig i frå Somalia, og har nylig flytta hit til London. Ho var veldig hyggelig! 

Noko av det eg gjorde i dag var å mate pasientane, servere te og kjeks, vaske bord og rydde litt rundt. Eg las og opp posten til dei som trengte det og på slutten av dagen lakka vi negler på to av pasientane. Dei vart veldig fornøgde og viste fram sine flotte negler.

Lørdag

I går reiste vi til Oxford street igjen. Pengane byrjar å minke, så i går vart det ikkje so mykje shopping. Eg og Hanna reiste heller på kinaresturant og koste oss saman. 

Søndag
I dag sov vi lenge :) Vi skal slappe av i dag og no sit vi med kvar vår godtepose. 



torsdag 19. mars 2015

Torsdag 19.03.2015

Hilde:

I dag når eg kom på jobb vart eg sitjande å prate litt med nokre av pasientane. Etter ei stund fekk eg mate ein av pasientane. Dette gjekk veldig fint, då eg har mata denne pasienten fleire gongar tidlegare. Då frukosten var overstått, pussla vi litt med ein av pasientane. Då klokka nærma seg halv elleve gjorde eg og Hanna klart til "tea-time". Vi sette koppar og fat på tralla, fann fram te- kanner osv. Vi tok oppvasken etter dette.

Før middag hjelper eg og Hanna kokken. Vi mosar maten for dei som skal ha mosa mat, og set lokk på alle tallerkenane. I dag mata eg ein pasient til middag. Vi tok så oppvasken, og åt deretter lunsjen vår. Etter lunsj gikk dagen fort, fram til klokka halv 4 då vi vart ståande på kjøkkenet ein times tid, for å gjere i stand kveldsmaten til pasientane. Samt ta oppvasken. Eg vart sitjande å prate med ein pasient og plutseleg var klokka blitt 5, og det var tid for å reise heim.


Lena:

I dag byrja eg dagen med og observere stell i ein 2 timar.  etter det satt eg i rapport i godt over ei time før de var middag. Under middagen mata eg ein brukar. Det var ganske fullt i staua i dag sidan ein va pasientane hadde bursdag, så famillie og venner kom. Kokken lagde og kake som alle fekk smake (noko som er normalt der borte når ein fyller år der borte) Resten av dagen brukte eg og ho eg jobbar med på og spille Scrable med ein av brukararane, før vi gjekk ein for dagen.

tirsdag 17. mars 2015

Tysdag 17.03.2015

Hanna:

I dag når eg kom på jobb fikk eg beskjed om å rydda vekk brukte koppar og fat, og eg vart ståande med oppvasken ei god stund. Når eg var ferdig med det, fikk eg mate ein av pasientane. Dette gjekk greitt, sjølv om ho var litt gretten. Pasientane på sjukeheimen får alltid tre forskjellige rettar å velje mellom til middag. I dag måtte eg gå rundt å spørje kvar pasienten kva dei ville ha til middag. Detta var vanskeleg  både fordi pasientane er demente, noko som gjer at mange av dei ikkje svarar på det du spør om, og fordi eg ikkje kan namna på alle pasientane enda.

Etter dette begynte eg og Hilde å pusle eit nytt puslespill med ein av pasientane. Dette er noko ho tykkjer er kjekt. Rundt 11.00 tida gjekk me inn att på kjøkkenet å hjelpte til med å lage middagen. Då middagen var ferdig gjekk me inn til pasientane med maten, og hjelpte til med å mate dei pasientane som trengte hjelp.

Akkurat no er det dette biletet me pusla. 

Etter at me hadde tatt all oppvasken og me hadde ete vår lunsj, gjekk me inn til pasientane og gjorde forskjellige aktivitetar med dei. Mot slutten av dagen, måtte me inn att på kjøkkentet å ta enda meir oppvask, og gjere klart til kveldsmaten deira. Dagen i dag gjekk ganske fort, noko som var ganske deilig.

Eirin:

I dag var det min første dag på den nye arbeidsplassen. Oakleigh House Nursing Home, er ein privat sjukeheim. Det er 18 eller 19 pasientar på denne sjukeheimen og den ligger eigentleg rett ved sida av min gamle arbeidplass, Clavering Care Home. Alle pasientane har demens, utan om tre stk. Vi vart tatt godt i mot og fekk servert ein kopp te eller kaffi etter ønskje. 

Vårstemning på veg til jobb.

På føremiddagen var eg med ein av mennene som jobba der. Eg observerte han då han tok stell av nokre pasientar, og eg hjalp til med forflytting. Det var tungt! Elles serverte eg te, snakka med pasientane og observerte eigentleg mykje i dag.

På ettermiddagen kom ein av sjefane (trur eg) og sa at vi ikkje fekk vere med i stell og toalettbesøk. Så frå i morgon av veit eg ikkje kva vi skal gjere. Elles varer arbeidsdagen min frå 09.00 - 17.00. 



mandag 16. mars 2015

Måndag 16. mars

I dag har vi gjort stort sett det same som vi gjer kvar dag. Dagen byrja med frukost for dei som ikkje hadde ete det, og så kom dei alle inn i stova etter kvart. Då alle hadde fått slappa av etter frukosten, sette eg og Hanna i gang ei planlagd målestund i lag med pasientane. Det vart litt grising, men elles trur eg dei synes det var kjekt. Bileta dei måla blei hengde opp på veggen.
Dei fekk te, kaffi og kjeks i halv elleve tida. Elles fekk dei middag, og endå meir te og kaffi ei stund etter det igjen.
Etter middag pussla vi med nokre pasientar. Elles har vi ikkje gjort noko spesielt denne dagen.
(Hilde)


I dag byrja eg dagen som vanleg. Eg var med og observerte stell i ein to timar, før eg gjekk inn på stova og snakka litt med ein brukar. Seinare hjalp eg til med mating og observerte når helsefagarbeidarane flytta rundt på pasientane. Resten av dagen brukte eg på å gi brukarane te. Også prata eg litt med dei. Det er ikkje så mykje eg får lov til og gjere på arbeiddsplassen. Det er heller ikkje så mykje å gjere, med tanke på at alle brukarane er veldig reduserte. Så arbeidsdagane er veldig lange.
(Lena)



fredag 13. mars 2015

Fredag og starten på helga

Eirin

Tidlegare i veka var det snakk om at det var MRSA (Meticillinresistente Staphylococcus aureus) på arbeidsplassen min. Og i går vart det bekrefta at det faktisk var det, og og Iselin (frå  florø) måtte bytte arbeidsplass. Det representanten fra ADC College sa var at vi ikkje kunne vere der fordi at det ikkje var trygt, og at vi var satt i ein situasjon der vi kunne bli smitta. Derfor var det lurast å bytte, noko som var litt trist. Vi trivtes godt der, men det er viktig å tenkje på sikkerheten vår. Så i dag hadde eg fri, medan ADC prøver å finne nye arbeidsplassar til meg. Eg veit enda ikkje kor eg skal vere, men skulle få vite det over helga.

Dagen min har da bestått av shopping.


Det går mykje i McDonald's og vi har allereie vore der 3 - 4 gongar.

Når Karoline (frå Førde) var ferdig på jobb, reiste eg og ho til Oxford og handla der. Det var mykje å sjå på, og vi visste ikkje heilt kor vi skulle byrje. Vi fikk nå handla ein del og svidd av litt peng i dag og. Seinare på kvelden kom Hanna til Oxford og vart med på shoppingturen.



Hanna 

I dag har eg vore på jobb, der eg var mykje på kjøkkenet. Vi gjor ganske mykje av det same som det Hilde skreiv i går, i dag, bortsett frå at Hilde fikk vere med tre pasientar ut på cafè. Svært mange av pasientane vart henta av familie og vener, og var ute store delar av dagen. 

I morgon har me planar for stort sett heile dagen. Me må stå opp like tidleg som i vekedagane (06.00), fordi me må ut av dørene klokka 07.00. Noko av det som står på planen er sightseeing tur med buss, shopping og Mamma Mia Musical. Dette gler me oss til :-D 

-Eirin og Hanna-




torsdag 12. mars 2015

Tredje arbeidsdag


Hilde

I dag var tredje dag i praksis. Då vi kom hjalp vi til med å servere frukosten. Eg mata ein pasient til frukost. Deretter tok vi oppvasken. Kl 10:30 var det coffe - and tea- time, og pasientane fekk då servert te, kaffi og kjeks. Vi tok også oppvasken etter dette. Då vi var ferdig med det, sat vi oss ned med pasientane og perla armbånd, og måla vasa. Pasientane synes dette var særs kjekt.

Vi hjalp kokken litt på kjøkkenet, og var sidan med og serverte lunsjen. Kvar dag får pasientane vere med å bestemme kva dei vil ha til lunsj/middag. Dei får då 3 val. Dette synes eg er eit veldig godt tilbod! :) Då dei hadde ete lunsj, slappa dei av på stova. Resten av dagen gikk til å kommunisere med pasientane, pussle med dei, og servere dei drikke. Kommunikasjonen går stort sett bra, men nokre gongar kan det vere nokså utfordrande.

Dagen i dag har egentlig gått ganske fort. Vi kjem meir inn i rutinane, og ting blir då lettare. Sjukeheimen byr på mange forskjellige aktivitetar kvar dag, noko eg også synes er flott!

Vi har desverre ikkje teke bilete av arbeidsplassen, då vi fekk klar beskjed om at dette ikkje var lov. Men fann nokre på heimesida deira.

Seymour House                                      På dette rommet får dei servert måltid.

Lena: 

I dag fekk eg utdelt ny arbeidsplass, sidan det blei nokon med den forgjeforgje. Min nye arbeidsplass heitte Carrick Home. Det er ein sjukeheim, med vel 15 pasientar. Pasientane er veldig gammle og slitne, så dei sitte i ro store delar av dagen.

Det eg gjorde når eg kom på sjukeheimen var at eg var med stell og observerte. Det var då eg oppdaga at hygiena var veldig dårlig, dei skiftar lite hanskar og stelleforkle, det er heller ikkje spirt/antibak og oppdrive på arbeidsplassen.

Arbeidsfordelinga på arbeidsplassen er veldig forskjellig fra heime. der borte seg dei på det som og mata pasientar som ei stor og vanskeleg oppgave. Så dei einaste oppgåvene er fekk tildelt var eigentleg å mate pasientane og prate med dei. Sist nemde var ganske vanskleg sidan fleire av pasientane faktisk ikkje kunne snakke, eller så var dei så demente at det nesten ikkje gjekk an og føre ein samtale, men nokre av dei var greie og prate med. Kommunikasjonen går veldig fint, men nokre av dei snakkar ganske fort på ulike britiske dialekter noko som gjere det litt vanskleg og henge med av og til.


Eit litt dårleg bilde av min arbeidsplass


tirsdag 10. mars 2015

Første arbeidsdag

I dag var første dag i praksis. Eg jobba på Seymour House, og Eirin jobbar på Clavering Care Home. Me reiste lenge før me eigentleg hadde trengt, fordi me ville vere heilt sikre på at me skulle rekke å komme tidsnok. Når me kom fikk begge to ein liten omvising av arbeidsplassen. Deretter vart me sett rett i arbeid, med forskjellige oppgåver som mating og servering.

På Eirin sin arbeidsplass vart bebuarane sett i aktivitet etter frukost. Der samla dei seg i daglegstova, og gjor forskjellige øvingar/trening til musikk og song. Dei kasta og ball, nokre bebuarane tykte var kjekt. Andre aktivitetar som blei gjort på begge arbeidsplassane var for eksempel å pusle, spele spel, fargelegge og bretta serviettar (dette var veldig utfordrande for Eirin).

Bebuarane fikk mat og drikke heile dagen. Og då gjekk det veldig mykje i te. Eg vart ståande mykje på kjøkkenet med matlaging og oppvask. Og dei andre tilsette forventa mykje av Hilde og meg (Eg og Hilde jobbar begge på Seymour House).

Dagen har vore spannande, nervepirrande og slitsam. Me har klart oss ganske bra, og me har begynt å blitt vandt med å snakke Engelsk. Etter jobb reiste me ein liten tur på shopping, og me har ete god mat hos vertsfamilien som består av ei hyggeleg mor og dottera hennar.

Dei flotte serviettane til Eirin.

Eirin lakka negler i dag, og klarte det ganske bra.

På søndag er det morsdag her i London. 

Ingen bilete frå min arbeidsplass, sidan eg fikk streng beskjed om at det ikkje var lov å ta bilete. 


                                                                     -Eirin og Hanna-

mandag 9. mars 2015

Første dag i London


I går ankom vi London rundt klokka 19:00. Vi blei henta på flyplassen, og køyrde til ADC College, der vi så blei henta av vertsfamiliane. Vi kom ganske seint fram, så etter eit solid måltid gjekk vi til sengs. Eg og Hilde bur i Northolt, noko som er nordvest i London.

I dag tidleg tok vi buss til ADC College, noko som tok oss kring 1 time (med litt surring selfølgelig). På College fekk vi litt informasjon om korleis opplegget framover skulle foregå. Etter nokre timar med dei, fekk vi kvert vårt ark med reiserute til arbeidsplassen. Då skulle vi ved hjelp av dette arket ta oss fram til dei ulike arbeidsplassane våre. Det var veldig spennande, men det var og utfordrande og ta seg rundt i London sine store gater. Nokre brukte lengre tid enn andre vel og merke. 

I morgon tidleg byrjar vi i praksis. Arbeidsdagen varer frå 09:00 til 17:00. 




- Hilde og Lena -